Ny trakkemaskin

Postet av Åheim Idrettslag den 18. Sep 2025

Måndag 5. januar vart det levert ny trakkemaskin til idrettslaget. Det har lenge vore ønskje i skigruppa i laget om å få tak i ei nyare og kraftigare maskin for køyring på fjellet, og før jul vart det vedteke å kjøpe ei brukt maskin frå Fefor turløyper. Pisten Bully-maskina ein no har fått på plass er tjue år nyare enn den gamle frå 1987 og har først og fremst kraftigare motor enn den gamle, som kunne ha problem under tunge forhold på fjellet. Den nye maskina er sjølvsagt også meir moderne og har betre fressystem.

Tanken er no at den nye maskina kan ha tilhald på Bøen eller Heimesætra for køyring på fjellet, og at ein får laga eit oppbevaringsbygg på Heimesætra, medan den gamle maskina framleis kan nyttast på Duestøylen. Takka vere gode bidragsytarar er den nye maskina kjøpt inn utan meirkostnader for laget. Vi er difor særs takknemlege for gode sponsorar som gjer dette muleg, i dette tilfellet i hovudsak Sparebanken Møre og Mowi. Håpet er også å få eit tilskot til innkjøp av utstyr frå Norges Idrettsforbund gjennom refusjonsordning for dette. 

Attåt arbeidet vi har fått gjort med oppgradering av løypetrasear mellom Rota og Øverberg, med løypeansvarleg Idar Berget som primus motor, vil maskina gjere køyringa både meir tidssparande og motiverande for dei som brukar mykje tid på dette, og gjere det lettare å tilby gode forhold framme på fjellet. Her er det som kjent også planar om ytterlegere trasebygging.

KLARGJERING: Ivrige løypekøyrarar i sving med å gjere maskina klar til prøvekøyring.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.